Konferanse/samtale

Når du som pårørande tek kontakt med begravelsesbyrået, vil vi på best muleg måte prøve å besvare dei spørsmåla du har. 

Vidare vil vi i byrået gjerne ha litt informasjon om den avdøde, samt gjere ei avtale for ei nærare planleggingssamtale. Denne samtalen omtalar vi oftast som ein konferanse.

Ein slik konferanse varer gjerne eit par timar, og det er absolutt ein fordel for alle partar at det gjerast ei førehandsavtale om tidspunkt for konferansen.

På denne måten kan vi gje samtalen den prioriteten og roen den fortener. I konferansen går vi gjennom alt som vil vere relevant i forhold til gravferda. 

Vi vil etterspørje nødvendig informasjon i forhold til å få meldt dødsfallet til dei rette offentlege instansar, vi snakkar saman om oppsett for dødsannonse, og om å gjere alle dei nødvendige avgjerslene i forhold til kiste, seremoni og ynskjer for innhald i gravferda.

Som pårørande må du vere forberedt på at det er mange spørsmål å ta stilling til i planlegginga av ei gravferd. Saman med byråets representant blir vi einige om kva som er viktig å ta stilling til før seremonidagen, korleis gravferda skal gjennomførast, og kva slags formalitetar som kan vente til etter at gravferda har funne stad.