Ved dødsfall

 

Når ein av våre næraste går bort, kan det virke kaotisk for mange. Livet blir forandra, særleg for dei som står den avdøde nærast. Det kan vere vanskeleg å ta innover seg, og samtidig må ein ta stilling til alt som skal ordnast, både i forhold til det papirmessige og det praktiske med begravelsesseremonien. 

For mange føles det godt å få hjelp i denne situasjonen. Vi er behjelpelege med kva det skulle vere i forhold til dette, slik at de som pårørande ikkje skal føle at planlegginga blir som ei ekstra påkjenning i ei tung tid. 

Ved første kontakt med oss, går vi gjennom dei praktiske tinga, og avtalar tid til eit møte/konferanse der vi saman kan planlegge seremonien etter dykkar og avdødes ynskje.