top of page

Sorg - vegen vidare

Når vi mistar nokon som står oss nær, så skjer det noko med oss. Livet blir forandra. Vi opplever det å miste våre næraste veldig forskjellig og har difor ulike behov på vegen vidare. 


Mange opplever usikkerheit i forhold til vener og bekjente som har hatt dødsfall i familie og det kan derfor vere vanskeleg å ta kontakt. Dei aller fleste set likevel stor pris på eit handtrykk, eit smil eller ein klem. Mange opplever at ein treng vener meir enn nokonsinne når ein mister nokon ein er glad i.


Når døden inntreff vil ein som næraste pårørande oftast føle sakn og vemod over eit liv som har teke slutt.


Det fins personar i kvar kommune som kan kontaktast dersom ein føler behov for profesjonell hjelp i si handtering av sorga, m.a. prestar, helsepersonell, sorggrupper eller andre fagpersonell. 


Vi i byrået kan gje meir detaljert informasjon om dette. 

Sjølvmord
 

Det kan vere ekstra vanskeleg å oppleve dødsfall der den døde har teke sitt eige liv.
Helsedirektoratet og LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord har utvikla ei rettleiing for å ivareta etterletne ved sjølvmord.
For meir informasjon: www.leve.no

Når eit barn dør
 

Å miste eit barn er ein av dei aller vanskelegaste situasjonane vi kan tenke oss, både som menneske og foreldre.
Forutan primærhelsetenesta og ulike sorgtilbod, kan Landsforeininga for uventa barnedød www.lub.no og foreininga "Vi som har et barn for lite" www.etbarnforlite.no bistå med hjelp og råd etter å ha mista eit barn.

bottom of page